«Farther Along» er ein Southern gospel-song publisert av Stamps-Baxter Music Company.

Historie Teksten til songen vart skriven i 1911 av presten W. A. Fletcher, ein omvandrande predikant, då han reiste til Indian Territories med tog. Fletcher var lei sg fordi kona hans Catherine Louise Emmett Fletcher frå Cleburne i Texas, venta det første barnet deira i løpet av få veker, og han kom ikkje til å få høve til å vere der under fødselen. Han følte at han måtte prioritere embetet sitt i Indian Territories og skreiv teksten om korleis han kjende seg på den tida. Ved sidan av han ppå toget sat J.R. Baxter, ein gospelmusikar som vart gripen av teksten og tilbaud han to dollar for dei. Baxter fekk så sett musikk til songen og han vart ein populær gospelsong.

Opphavsretten til songen vart registrert i 1937 som ein del av Starlit Crown-samlinga, og fornya i 1965. Han vert ofte feilaktig omtalt som ei folkevise eller for å vere i offentleg eige

Kjende innspelingar

«Farther Along» har blitt spelt av mange artistar gjennom åra. mellom andre av The Flying Burrito Brothers, som spelte inn songen i 1970 på albumet Burrito Deluxe, The Byrds, som spelte han som tittelsporet på albumet deira Farther Along i 1971, og Ike Turner, som skreiv om songen som «Father Alone» og spelte songen solo på Ike & Tina Turner-albumet The Gospel According To Ike & Tina (1974).The Gospel According To Ike & Tina. Allmusic. Henta 5. desember 2016. For dette vart han nominert til ein Grammy.Grammy Awards 1975. awardsandshows.com. Henta 5. desember 2016.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Farther Along (song)» frå , den 5. desember 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

«Farther Along» - Lyrics

Kategori:Songar frå 1911 Kategori:Gospelsongar Kategori:Roy Acuff-songar Kategori:Hank Williams-songar Kategori:Ernest Tubb-songar Kategori:Sam Cooke-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Tennessee Ernie Ford-songar Kategori:Pete Seeger-songar Kategori:Bill Monroe-songar Kategori:Mississippi John Hurt-songar Kategori:Hank Snow-songar Kategori:Connie Smith-songar Kategori:Stonewall Jackson-songar Kategori:The Flying Burrito Brothers-songar Kategori:The Byrds-songar Kategori:Hoyt Axton-songar Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:Ike Turner-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:Ray Price-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Randy Travis-songar Kategori:Ronnie Milsap-songar