Clambake er det 30. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3893 i oktober 1967. Presley gjekk inn i RCA Studio B i Nashville den 21. februar 1967 for innspelinga av musikken til den 25. filmen hans. Fleire songar vart spelt inn 10. og 11. september 1967. Albumet nådde 40. plassen på Billboard 200.

Innhald Mot slutten av 1966 hadde salstala til Presley falle kraftigJorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 225. og han hadde lite lyst til å halde fram med filmmusikken. Dette prosjektet var alt i fare før det hadde starta.Jorgensen, op. cit., s. 226. Innspelingane vart ein fiasko og berre åtte songar vart spelt inn. To vart fjerna frå filmen og med «How Can You Lose What You Never Had» omgjort til filmmusikk stod ein att med berre sju songar.Jorgensen, op. cit., s. 231.

Albumet vart eit vendepunkt i karrieren til Presley. Etter mange år med inkjeseiande songar og filmar, var det tydeleg at han hadde lagt toppen av karrieren bak seg. Popmusikken hadde passert han i 1960-åra medan han var «tapt i Hollywood». Så Presley valde å byrje å spele inn musikk av dugande låtskrivarar. Ei innspeling var planlagt i august i Hollywood, men vart avlyst og planlagt på ny for RCA Studio B i september.Jorgensen, op. cit., s. 233-234. Utan å ta omsyn til opphavsrettar, plukka Presley songar han sjølv likte, inkludert Eddy Arnold-songen «You Don't Know Me» frå 1956 og Jimmy Reed sin «Big Boss Man» frå 1960. Begge vart valde ut som singel i slutten av september før dei kom med på albumet. A-sida nådde så vidt topp 40 på singellista i USA.Jorgensen, op. cit., s. 418. Presley bad òg om å få spele inn ein song han høyrde på radio i Los Angeles av Jerry Reed, og inviterte Reed sjølv med på innspelinga for å spele den akustiske gitaren.Jorgensen, op. cit., s. 235. Dei henta Reed frå ein fisketur og han kom i studio med Presley for å spele på songen «Guitar Man». Etter at songen var spelt inn, nekta Reed å gje frå seg dei vanlege forlagsprosentane til Freddy Bienstock, nok eit åtak på filmmusikkformelen som hadde eksistert gjennom heile 1960-åra.Jorgensen, op. cit., s. 236. Fem songar vart valde ut frå innspelinga slik at talet på songar på albumet kom i tolv.

Inkludert dette albumet, hadde berre tre av dei femten albuma sidan Pot Luck with Elvis i 1962 ikkje vore filmmusikkalbum. To av dei var samlealbum og eit studioalbum med gospelmusikk, How Great Thou Art. Sjølv med fem nyare songar som ikkje var frå filmar, inkludert ein hit-singel, selde Clambake færre enn 200 000 eksemplar, og gjorde det verre enn føregangaren Double Trouble, som var det minstseljande albumet hans til då.Jorgensen, op. cit., s. 240.

I 2006 vart Clambake gjeve ut på ny på Follow That Dream med originalalbumet i tillegg til fleire alternative opptak.Kjelder:

Medverkande

Elvis Presley − vokal The Jordanaires − korvokal Millie Kirkham, Dolores Edgin, June Page, Priscilla Hubbard − korvokal

Boots Randolph, Norm Ray − saksofon Pete Drake − pedalsteelgitar Scotty Moore, Chip Young − elektrisk gitar Jerry Reed − elektrisk gitar den 10. september

Charlie McCoy − orgel, munnspel Floyd Cramer, Hoyt Hawkins − piano, orgel Bob Moore − kontrabass D.J. Fontana, Buddy Harman − trommer

Innhald Originalutgåve

Follow That Dream-utgåva frå 2006

Lister Album ÅrListerPlassering1967Billboard Pop Albums40

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Clambake (album)» frå , den 6. desember 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff LPM-3893 Clambake på The Elvis Presley Record Research Database

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1967 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Jeff Alexander Kategori:Album produserte av Felton Jarvis