Elvis (NBC-TV Special) er det 34. albumet til Elvis Presley som vart gjeve ut på RCA Records i mono, LPM 4088, i november 1968. Innspelinga fann stad i Burbank i California ved Western Recorders frå 21. til 23 juni 1968 og i NBC Studios (Burbank) den 27. og 29. juni 1968. Albumet nådde åttandeplassen på Billboard 200. Det selde til gullplate 22. juli 1969 og platina den 15. juli 1999 i USA.

Innhald Før filminga av fjernsynsprogrammet i jula 1968, vart det gjeve ut eit filmmusikkalbum før sendinga den 3. desember vart filma.Jorgensen, s. 248-250. Fleire av dei første kontraktspunkta vart fjerna av Presley og programprodusenten Steve Binder, mellom anna det mot å ha eit live publikum i studio, men albumprodusenten Bones Howe klarte ikkje å få tak i skikkeleg opptaksutstyr, og fekk lyden frå mikrofonar med berre enkle kanalar frå videokameraa.Jorgensen, s. 229-230. Albumet vart derfor berre gjeve ut i mono, på ei stund då plateindustrien hadde gått over til stereo for både album og singlar.

I motsetnad til rutinearbeidet med filmmusikkinnspelingane tidlegare på 60-talet, var Presley denne gongen genuint begeistra for dette prosjektet.Jorgensen, s. 248. For albumet presenterte det musikalske formatet Presley i tre forskjellige settingar: produksjonsnummera bestod av medleyar av songane hans; eit uformelt lite band med medleyar føre eit live publikum, og to originale songar med Presley akkompagnert av eit orkester føre eit live publikum.Jorgensen, s. 248-259. Dei to balladane frå albumet vart gjevne ut på singel. «If I Can Dream» kom ut tidlegare i månaden, der B-sida var ein song frå filmen hans som gjekk på kino på den tida, Live a Little, Love a Little. Singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100, den høgaste listeplasseringa hans for ein singel sidan 1965.Jorgensen, s. 416-418. «Memories» vart gjeven ut to månader etter sendinga, med B-sida frå den neste filmen hans, Charro!. Sidan albumet nådde topp 10 på albumlista etter at det førre albumet berre hadde klart 82. plassen, var dette albumet med på å gje nytt liv til platekarrieren hans, på ei tid då karrieren nesten var over.Jorgensen, s. 262.

Det vart spelt inn fleire timar med ekstra musikk for sendinga, og dette har blitt gjeve ut i mange forskjellige format opp gjennom åra. Den 27. august 1991 gav RCA ut ein utvida versjon av sendinga for CD, inkludert ukorta versjonar av medleyane i fleire tilfelle. To utvida CD-utgåver kom i 1998, Memories: The '68 Comeback Special med meir utstrekte versjonar av produksjons- og orkesternummera, i lag med ein komplett show med det uformelle, vesle bandet den 27. juni, og «Tiger Man». Den 5. august 2008 gav Legacy ut eit samlealbum med fire plater med alle innspelingane gjort for sendinga.

Medverkande

20-23. og 29. juni 1968 Elvis Presley - vokal The Blossoms - korvokal Tommy Morgan - munnspel Mike Deasy, Al Casey, Tommy Tedesco - elektrisk gitar Larry Knechtel - klaverinstrument Don Randi - piano Charles Berghofer - kontrabass Hal Blaine - trommer John Cyr, Elliot Franks - perkusjon Frank DeVito - bongotrommer Billy Goldenberg - dirgent

27. juni 1968 Elvis Presley - vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar Scotty Moore - akustisk gitar, elektrisk gitar Charlie Hodge - akustisk gitar, korvokal D.J. Fontana, Alan Fortas - perkusjon Lance Legault - tamburin

Innhald

Originalutgåve

CD-utgåva frå 1991

CD-utgåva frå 1998

CD-boksutgåva frå 2008

Lister Album

ÅrListerPlassering1968Billboard Pop Albums8 Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elvis (NBC TV Special)» frå , den 16. desember 2016. oppgav desse kjeldene: Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998;

Bakgrunnsstoff LPM-4088 Elvis (a.k.a. Elvis' TV Special, Elvis' Comeback Special, or Elvis' NBC-TV Special) at the The Elvis Presley Record Research Database

Kategori:Elvis Presley-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1968 Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Bones Howe Kategori:Album dirigerte av Billy Goldenberg