Randi Heggemsnes Gustad () er ein norsk jurist og tidlegare handballspelar frå Oslo. Linjespelaren vart europameister i 2004.
Gustad spelte i yngre år på oslolaget Refstad-Veitvet. I 1997 melde ho seg inn i byrivalen Nordstrand IF. Med Nordstrand vann ho både eit cup- og eit seriemeisterskap før ho la opp for godt i 2008.
Linjespelaren Gustad fekk sin landslagsdebut på Stord så seint som 26. mars 2004 mot Spania. Høgdepunktet på landslaget kom då ho spelte EM-finalen 2004 i Budapest, ein kamp Noreg vann med 27-25 over Danmark. Ho var også med i handball-VM 2005 i Russland, der ho fekk lite speletid og spelte sin siste landskamp 15. desember 2005 mot Kroatia. Gustad skåra 53 mål på sine 50 landskampar. Ved landslagsuttaka måtte ho ofte sjå at landslagssjef Marit Breivik jamnast vurderte Else-Marthe Sørlie og Elisabeth Hilmo som betre enn Gustad på linja.
Gustad er utdanna jurist og var i 2007 med å starte Advokatfirmaet G & G AS i Oslo. Ho har vore styremedlem i Antidoping Norge.
Merittar EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2005: Nr 9 med Noreg
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Randi Gustad» frå , den 17. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Europameistrar i handball