mini|Elektronmikroskopbilete av ein nøytrofil granulocytt som tek til seg MRSA-bakteriar Methicillin-resistente gule stafylokokkar (avstytt MRSA etter vitskapleg artsnamn S. aureus) er gule stafylokokkar (Staphylococcus aureus) som toler methicillin og mange andre antibiotikum. Methicillin er ikkje lenger nytta klinisk og er heller ikkje lenger produsert kommersielt, men MRSA-bakteriar er òg resistente mot alle antiobiotikum basert på β-lactam, utanom den siste generasjonen av kefalosporin.
Methicillin vart introdusert i 1959, og året etter, i 1960, vart dei fyrste tilfella av methicillin-resistens rapporterte frå eit sjukehus i Guildford nær London. Før 1990 var dei fleste MRSA-bakteriane knytte til sjukehus (på engelsk avstytt HA-MRSA), men etter kvart vart menneske òg smitta av MRSA utanfor helseinstitusjonar (på engelsk avstytt CA-MRSA). I tillegg finst det MRSA-bakteriar knytte til storfe (på engelsk avstytt LA-MRSA).
Kjelder
Kategori:Stafylokokkar Kategori:Antibiotikaresistente bakteriar