mini|Grunnstrukturen til β-laktam-antibiotikuma penicillin (øvst) og kefalosporin (nedst). β-laktam-ringen er i raudt. β-laktam-antibiotikum er antibiotikum med ein β-laktam-ring. β-laktam-ringen er smelta saman med ein annan ring med anten fem (penam og penem) eller seks (kefam eller kefem) atom. Utviklinga av β-laktam-antibiotikum byrja med oppdaginga av penicillin i 1929.

Bruk som medisin Målt i omsetning var antibiotikum med β-laktam i 2003 den viktigaste klassen av antibiotikum, og kefalosporin og penicillin var vidare dei viktigaste β-laktam-antibiotikuma.

β-laktam-antibiotikuma karbapenem er verksame mot mange viktige bakteriar som valdar sjukdom, både gram-positive og gram-negative.

β-laktam-antibiotikum produserte av organismar i naturen er i hovudsak spesifikke for bakterieprotein og ikkje giftige for menneske og pattedyr, men nokre meir breispektra utgåver utvikla i laboratorium kan verka som nyregifter. Dette gjeld ymse kefalosporin og penem. β-laktam-antibiotikum nytta klinisk har òg vore rapporterte å kunna verka som nervegift for visse pasientar.

Genetisk opphav

I naturen kan både bakteriar og muggsoppar laga β-laktam-antibiotikum. Truleg vart gena for syntese av β-laktam-antibiotikum overført horisontalt frå bakteriar til den sams eukaryote opphavsarten til ei rad artar i soppriket, for kring 370 millionar år sidan. Nokre soppar ser ut til å ha mist evna til å laga β-laktam-antibiotikum etter kvart, medan andre, som gjærsoppane, kan ha skilt seg frå som eigne grupper før genoverføringa hende. Nokre penselmuggsoppar og strålemuggsoppar er mellom muggsoppane som kan laga β-laktam-antibiotikum.

Mellom bakteriane produserer artar i Streptomyces (som Streptomyces lipmanii og Streptomyces clavuligerus) β-laktam-antibiotikum.

Kjelder

Kategori:Antibiotika Kategori:Laktam