Emilie Hegh Arntzen () er ein norsk handballspelar som sidan 2021 spelar på CSM București. Ho vart europameister med Noreg både i 2014, 2016 og 2022, og vart verdsmeister i 2021. Perioden 2014-22 deltok ho i 148 landskampar og skåra 228 mål. Hanne Hegh er mor hennar.
Klubbspel Arntzen var rykkrom-spelar i Gjerpen IF på nivå to og tre i norsk seriehandball i tida frå 2010 til 2014. Frå 2014 til 2017 var ho ein målfarleg skyttar på toppserielaget Byåsen IL. Åra frå 2017 til -21 spelte Arntzen på IK Våg, det suverene topplaget i Noreg. Ho avslutta tida i Våg/Vipers med å vinne IHF-meisterligaen 2021.
Landslagsspel Arntzen debuterte på det norske landslaget i 2014. Ho deltok for Noreg då laget vann europameisterskapen 2014, men fekk ikkje plass i VM-troppa 2015. I 2016 vann ho fyrst bronsemedalje under Sommar-OL i Rio de Janeiro, før ho fire månader seinare vart europameister for andre gong då Noreg slo Nederland med eitt mål i EM-finalen i Göteborg.
Merittar landslag EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emilie Hegh Arntzen» frå , den 14. januar 2017.
Landskampar
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner