Nikolaj Serafimovitsj Bazjukov () er ein russisk tidlegare langrennar som tevla for Sovjetunionen. Han vart olympisk meister på 15 km under OL 1976 i Innsbruck og i 4 x 10 km stafett med det sovjetiske laget under OL 1980 i Lake Placid.
Bazjukov meisterskapsdebuterte i Vinter-OL 1976 i Innsbruck med ein femteplass på tremila. Få dagar seinare vann han gullmedaljen på 15 km, knappe tre sekundar framom landsmannen Jevgenij Beljajev. Deretter gjekk dei dei to fyrste etappane for Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett, ei tevling som enda med sovjetisk bronseplass. I Ski-VM 1978 i Lahti deltok Bazjukov einast på 50 km, der han enda som niandemann. To år seinare fekk han gå andre etappen på Sovjetunionen sitt vinnarlag i 4 x 10 km stafett under vinterleikane i Lake Placid, dei andre på laget var Vasilij P. Rotsjev, Jevgenij Beljajev og Nikolaj Zimjatov.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.
Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980