«I've Lost You» er ein song skriven av Alan Blaikley og Ken Howard, og opphavleg gjeven ut av Matthews' Southern Comfort i 1969. Året etter spelte Elvis Presley inn songen. Han vart gjeven ut i juli 1970 og debuterte på 85. plassen på Hot 100 den 1. august 1970, og nådde 32. plassen 29. august 1970. På lista til Cash Box nådde han 18. plassen. Songen nådde òg femteplassen på Adult Contemporarylista og selde til gullplate.
Presley spelte songen på konsertane sine under den tredje perioden i Las Vegas, august til september 1970, og ein versjon frå 12. august var med i MGM-filmen Elvis: That's the Way It Is.
I Canada vart «I've Lost You» ein hit som nådde 10. plassen.
Lister Vekeslister (1970)PlasseringU.S. Billboard Hot 100 32U.S. Billboard Easy Listening5U.S. Cash Box Top 100 18Canada RPM Top Singles 10
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I've Lost You» frå , den 23. januar 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar skrivne av Alan Blaikley Kategori:Songar skrivne av Ken Howard Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar frå 1970