mini|400px|Skjelettstrukturen til paraheksyl Paraheksyl er ein syntetisk homolog av tetrahydrocannabinol (THC), framstilt i 1949 under eit forsøk på å gjera greie for strukturen til Δ-THC, eit av verkestoffa i rusmiddelet cannabis. Stoffet har kjemisk formel CHO.
Paraheksyl liknar THC både når det kjem til struktur og verkemåte, men skil seg frå stoffet ved plasseringa av dobbelbindinga og lengda på 3-pentylkjeda, som har ei CH-gruppe festa til n-heksylet. Paraheksyl har agonistisk effekt på dyr, noko som er typisk for cannabis. Stoffet har eit noko høgare oralt biotilgjenge enn THC, men er elles nokså likt. Stoffet verkar truleg som ein CB-agonist, liksom THC, men dette er ikkje enno stadfesta med forsking.
Paraheksyl blei gjort ulovleg gjennom ein FN-konvensjon i 1971 på grunnlag av strukturelle og funksjonelle likskapar med THC. Trass dette har ein aldri vitna stoffet i rekreasjonsbruk eller ulovleg handel. Paraheksyl er ført opp under i Konvensjonen om psykotrope stoff av 1971, utarbeidd av SN, som eit stoff utan medisinske bruksområde. Noreg tiltredde konvensjonen ved kongeleg resolusjon av 6. juni 1975, og konvensjonen trådde i kraft 16. august året etter.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Parahexyl» frå , den 24. januar 2017.
Kategori:Benzokromen Kategori:Cannabinoid Kategori:Fenol Kategori:Lækjemiddel førebels ikkje tilordna ATC-kode