mini|Symbolet til Austre militærdistrikt høgre|mini|Austre militærdistrikt sitt hovudkvarter i Khabarovsk. Austre militærdistrikt (russisk Восточный военный округ) er eit militærdistrikt i Russland. Det set opp ein av fem operasjonelle-strategiske kommandoar for forsvaret i Russland. Distriktet vart danna ved presidentdekret nummer 1144 underskrive 20. september 2010. Distriktet kontrollerer dei 29., 36., 35., og femte kombinerte arméane, 68. armékorps og kystforsvarseiningane til Stillehavsflåten med flåte-HK i Vladivostok, og dessutan 11. luft- og luftforsvarskommando i det russiske flyvåpenet. Hovudkvarteret er i Khabarovsk. Russiske luftlandestyrker som er forlagt innan Søre militærdistrikt er ikkje underlagt militærdistriktet eller OSK-en, men direkte kontrollert av sjefen for VDV i Forsvarsdepartementet i Russland - som ein snøgg strategisk infanterireserve (manøverelement)
Samansetjing
Militær kommando og kontroll 104. kommando- og kontrollbrigade i Khabarovsk. 14. SPETSNAZ-brigade
OSK Aust vil ha desse landkomponentane på operasjonelt nivå:
29. kombinerte armé 36. kombinerte armé 35. kombinerte armé 5. kombinerte armé 68. armékorps
Luftkomponent 11. fly- og luftforsvarsarmé Marinekomponentar Den russiske stillehavsflåten
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Østre militærdistrikt» frå , den 28. januar 2017.
Bakgrunnsstoff http://structure.mil.ru/structure/okruga/east/news.htm
Kategori:Militærdistrikt i Russland