Thor-Eirik Gulbrandsen Mykland () var ein norsk byråkrat og politikar frå Fjære i Aust-Agder. Han var stortingsrepresentant 1973-93 frå Akershus, vald på Arbeidarpartiet sine program.

Gulbrandsen tok eksamen artium ved Hamar Katedralskole i 1960. Utover i 1960-åra var han assistent ved Norsk utanrikspolitisk institutt 1962-64, timelærer ved handelsskule 1964-66 og sakshandsamar i Skedsmo kommune 1967-71. Jamsides studerte han ved Universitetet i Oslo, og var ferdig utdanna cand.oecon. i 1970. I 1971 fekk han jobben som økonomisjef ved Sentralsykehuset i Akershus på Lørenskog, ei stilling han hadde til 1997.

Hausten 1973 kom Gulbrandsen inn på Stortinget frå varamannplass på Arbeidarpartiet si valliste i Akershus. Då statsråd Sonja Ludvigsen frå same fylke og parti døydde sommaren 1974 fekk han fast tingsete, og etter fire attval representerte han Arbeidarpartiet på Tinget i 20 år. Den fyrste fireårsperioden var han medlem i Justiskomitéen, deretter var han dei neste fire åra plassert i Finanskomitéen. Frå 1981 var han med i Forbrukar- og administrasjonskomitéen til 1989, dei siste fire sesjonane som sekretær. I 1989 var han på ny plassert i Finanskomitéen, og var saksordførar for ei stor skattereform som trådde i kraft i 1992. Han nådde ikkje opp til «sikker» tingplass då Akershus Arbeidarparti nominerte til stortingsvalet 1993.

Åra 1997-2000 var Gulbrandsen i utanlandsteneste i Bosnia-Hercegovina. Deretter var han rådgjevar hos Sentralsykehuset i Akershus til 2003, frå 2006 tilsett i Landslaget for offentlige pensjonister.

Perioden 1968-71 var Gulbrandsen medlem i Skedsmo kommunestyre. Hausten 1999 vart han vald innatt i same kommunestyret for ein fireårsperiode. Då det nye kommunestyret skulle velje ordførar, valde han å røyste på Høgre-kandidaten Per Pettersen, i staden for Andreas Hamnes frå Arbeidarpartiet. Når Gulbrandsen ikkje ville røyste på Hamnes, kom det av at Gulbrandsen meinte Hamnes spelte ei avgjerande rolle då Gulbrandsen i 1993 ikkje vart renominert til Stortinget. Vinteren 2000 vart Gulbrandsen ekskludert frå Arbeidarpartiet.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Grimstad Kategori:Folk frå Skedsmo