mini|Strukturen til guanidin mini|Modell av guanidin Guanidin eller imidourea er ei krystallinsk organisk sambinding med kjemisk formel . Ho er hygroskopisk og har smeltepunkt ved kring 50 °C. Ho er stamsubstans for fleire fysiologisk viktige stoff som arginin, kreatin og kreatinin.
Guanidin kan framstillast ved spalting av guanin, men vert for det meste laga syntetisk, ofte gjennom saltet guanidinkarbonat. Sistnemnde vert vanlegvis laga frå dicyandiamid. Guanidin er ein sterk base og tek difor karbondioksid frå lufta, og guanidinkarbonat vert danna frå denne reaksjonen.
Kjelder