mini|Installasjons-cd med linuxdistribusjonen Yggdrasil Ein linuxdistribusjon er eit operativsystem laga av ei samling programvare, basert på Linux-kjernen, og inneheld som oftast eit pakkesystem for å installere, oppdatere, og fjerne programvare.
Ein typisk Linux distribusjon består av Linux-kjerna, GNU verktya, dokumentasjon og hjelpefiler, samt eit vindaugesystem, vindaugehandsamar og eit skrivebordsmiljø. Det meste av programvara i ein distribusjon er fri og open kjeldekode, tilgjengeleg både som kompilært binærkode og som lesbar kjeldekode, som brukaren er fri til å endre på. Dei fleste distribusjonane av Linux inneheld også programvare der kjeldekoda ikkje er tilgjengeleg, til dømes proprietære drivarar direkte frå maskinvareprodusenten. Nokre distribusjonar vel å ikkje leggje desse ved, gjerne av ideologiske grunnar.
Det finst om lag 600 forskjellige tilgjengelege distribusjonar av Linux. Mange av desse rettar seg mot bruk på stasjonære og berbare datamaskinar eller tenarar, andre rettar seg meir mot mobiltelefonar og nettbrett, eller minimale miljø typisk til bruk i integrerte system.
Kjelder
Kategori:Linuxdistribusjonar