Torger Hovi () var ein norsk landbruksmann og politikar frå Øystre Slidre. Han representerte Oppland fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1961-73.
Hovi var son til ein gardbrukar. Han gjekk framhaldsskule og Valdres jordbruksskule åra 1924-25. Frå 1927 til 1950 arbeidde han som planleggar på landbrukskontoret i Øystre Slidre. Etter 1949 var han småbrukar i heimbygda.
Hovi var medlem i Øystre Slidre heradsstyre frå 1933 til 1962, varaordførar 1960-61. Dessutan var han formann frå 1945 i Oppland landbruksselskap, og frå 1956 for fylkeslandbruksstyret i Oppland. Begge desse leiarpostane hadde han til 1972. Åra 1949-56 var han med i Jordbrukskredittnemnda.
Hausten 1961 fekk Hovi fast plass på Stortinget, der han var medlem i Justiskomiteen til 1965. Etter attval i 1965 var han dei neste fire åra medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Den siste tingperioden hans, 1969-73, var han sekretær i Administrasjonskomiteen fram til 24. mars 1971, deretter medlem i Landbrukskomiteen til han takka for seg.
Hovi var formann i Valdres Mållag 1973-76.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Folk frå Øystre Slidre