Mari Saltkjel () er ein norsk teolog, forfattar og lærar. Ho er frå Vågsøy i Nordfjord og arbeider som prost i Nordfjord i Den norske kyrkja. Ho blei ordinert i Hornindal kyrkje 6. januar 2008.

Saltkjel har allmennlærarutdanning frå Høgskulen i Bergen. Ho har studert religionsvitskap og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Saltkjel har cand.theol. frå Uppsala Universitet og tok praktikum ved Pastoralinstitutet i Uppsala som student for Härnösands stift.

Saltkjel har vore sokneprest i Hornindal, Nordsida og Randabygd sokn før ho i 2016 blei sokneprest i Vågsøy sokn. Ho har vore prost i Nordfjord sidan 2022.

Mari Saltkjel er samfunnsdebattant og har engasjert seg særskild for likestilling, både i kyrkje og samfunn. Ho har skrive ei rekke kronikkar for blant anna Vårt Land og har vore fast gjestekommentator for avisa sidan 2024.

Mari Saltkjel har blant anna skrive boka Som en krone på hodet. Fortellinger om kvinners prestekall og har dessutan bidratt i antologien Tekster som gror.

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Kjelder

Kategori:Forfattarar frå Vågsøy Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske prestar