Saslonch (ladinsk; italiensk Sassolungo, tysk Langkofel; alt tyder «Langfjellet») er ein 3 181 meter over havet høg fjelltopp i Dolomittane i Nord-Italia. Fjellet skil dalane Gherdëina i Sør-Tirol i nord frå Fascia i Trentino i sør.
Saman med mellom andre Grohmannspitze (3126 moh.) og Sasplat (Sassopiatto/Plattkofel, 2969 moh.) utgjer Saslonch det som vert kalla Saslonchmassivet. Massivet grensar til Sciliër i vest, til Sela i aust, og til Ciadenac i sørvest.
Ein topptur krev mykje skarpklatring. Paul Grohmann vart i 1869 fyrstemann til topps.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Langkofel» frå , den 14. mars 2017.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia