mini|Haji Ali, ein somalisk religiøs leiar i dåverande Abyssinia. Hadsji, hadji eller hajji (arabisk , 'pilegrim'}) er ei nemning for ein muslim som har utført hadj, det vil seia ei pilegrimsreise til Mekka i månaden dhul-hidja. Ordet kan brukast som ærestittel eller slektsnamn. Den tilsvarande tittelen for kvinner er hadsja, hadja eller hajja. Ordet er også blitt brukt i ein del kristne område om ein person som har valfarta til Jerusalem.

Som tittel blir hadsji plassert før namnet til personen det gjeld. I nokre område er tittelen blitt overført til neste generasjon, og dermed blitt eit slektsnamn.

Tradisjonelt har hadsji gjerne vist til ein eldre person, ettersom det tok tid å opparbeida nok pengar til å gjennomføra den vanskelege reisa til Mekka. Hadsji har dermed også blitt eit uttrykk for ein respektert eldre mann.

Omgrepet er også kjend frå kristne område på Balkan som har vore under osmansk herredøme (Bulgaria, Serbia, Hellas, Montenegro, Nord-Makedonia og Romania) omg ein kristen som hadde vitja Jerusalem og Det heilage landet.

På Kypros blei tittelen så utbreidd at han blei del av fleire gresk-ortodokse slektsnamn, som Hajiioannou. Kypros ligg nær Jerusalem og har hatt både kristne og muslimske innbyggjarar i fleire hundreår.

På ulike språk Ħājj eller Ħajjī; , ; persisk hâji/hāji eller hâj/hāj; pasjto , hāji; ; , , Hadžija, حاجىيا; , Hadžija; /Хаџија, حاجىيا; , Chadžy, خاجِ; , Һәщи, ھەجی; ; aserbajdsjansk og ; .

Kvinner som fullfører hadj kan omtalast som bajjah eller ḥājjah, , ; hausa/fulani hajia eller joruba alhaja.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hajji» frå , og «Hajji» frå den 17. mars 2017.

Kategori:Hadj Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Namn knytte til islam‎ Kategori:Muslimske titlar‎