Parforsejaktlandskapet på Nord-Sjælland omfattar jaktområda Store Dyrehave og Gribskov, og jaktområdet som ligg i Jægersborg Hegn/Jægersborg Dyrehave på Sjælland i Danmark. Landskapet vart i 2015 teke inn på UNESCO si verdsarvsliste.
Bakgrunn mini|venstre|Parforsejakt på Nord-Sjælland cirka 1750, akvarell av Johan Jacob Bruun Parforsejakta vart innført til Danmark av Kristian V på slutten av 1600-talet. Inspirasjonen hadde han fått etter ei reise til Frankrike der han hadde vitja Ludvig XIV av Frankrike og delteke i hans parforsejakter. Dette var ei jaktform der jegerar til hest og med hundar forfylgde ein kronhjort til han var utmatta og ikkje lenger i stand til å laupe. Deretter heldt hundane hjorten fast og jaktdeltakaren med høgast byrd drap byttet med eit sverd eller spyd.
mini|venstre|Utsnitt av eit gamalt kart - «Det Gram-Langenske skovkort» - som tilhøyrer Rigsarkivet. Kartet viser dei stjerneforma vegane i Gribskov.
Kristian V gjorde fleire av skogsområda på Nord-Sjælland om til parforsejaktlandskap etter fransk mønster. I områda som vart nytta til parforsejakt er vegane lagde i stjerneform, slik at jegerane kunne stå i vegkryssa og enkelt sjå hundane som jakta på viltet. Det er restar etter slike anlegg i Hareskoven ved Farum, i Geels Skov ved Holte, i Store Dyrehave ved Hillerød og i den sørlege delen av Gribskov.
Det best bevarte anlegget er Eremitagesletta i Jægersborg Dyrehave der Eremitageslottet ligg i det sentrale vegkrysset. Den siste parforejakta på Eremitagesletta fann stad i 1770.
Området har eit totalt areal på hektar og omfattar: Gribskov med Fredensborg slott, Store Dyrehave med Frederiksborg slott, Geels Skov, Hareskoven, Jægersborg Hegn og Jægersborg Dyrehave med Eremitageslottet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Parforsejaktlandskapet på Nord-Sjælland» frå , den 18. mars 2017, revisjon 14878527 .
Kategori:Verdsarv i Danmark Kategori:Lyngby-Taarbæk kommune Kategori:Jakt