Einar Jacob Knuthinge Lexow () var ein norsk kunsthistorikar og museumsmann, fødd i Sarpsborg.

Doktersonen Lexow tok examen artium i 1906. Sidan studerte han kunst på Universitetet i Kristiania under kunsthistorikaren Lorentz Dietrichson.

I tida 1901-12 var Lexow amanuensis ved Kunstindustrimuseet i Kristiania. År 1912 fekk han jobb som konservator ved den kulturhistorisk avdelinga til Bergens Museum. Tida 1919-31 var han også inspektør ved Håkonshallen. Etter tjue år på Bergens Museum tok han i 1932 over direktørstillinga ved Vestlandske Kunstindustrimuseum.

Lexow vart dr.philos. i 1923 på avhandlinga Hovedlinjene i entrelac-ornamentikkens historie. Han skreiv fleire bøker om både kunst og fortidsminne, der særleg oversynsverka nådde eit større publikum. Gjennom mange år var han formann i Bergens-avdelinga av Fortidsminneforeningen, og hadde elles ei rad med tillitsverv innanfor fagfeltet sitt.

Blibliografi i utval Joh. F.L. Dreiers norske folkedragter. 1913. Stilfølelse og stilformer. 1915 Norges kunst. 1926 Haakonshallen. 1929 Bergen, fortidsminder og kunstverker. 1930 Norske glassmalerier fra laugstiden. 1938

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske kunsthistorikarar Kategori:Norske museumsfolk Kategori:Folk frå Sarpsborg