John Pombe Magufuli () var ein tanzaniansk politikar som var president i landet frå 2015 til han døydde i 2021.

Han vart vald inn i Den tanzanianske nasjonalforsamlinga for fyrste gong i 1995, og hadde deretter ei rekkje statsrådspostar. Han stod som presidentkandidat for regjeringspartiet Chama cha Mapinduzi (CCM) i valet i Tanzania 2015, og vann med 58 % av røystene, og var innsett som president 5. november 2015. Visepresidenten hans var Samia Suluhu.

Referansar

Kategori:Tanzanianske presidentar