mini|Bastion-P før missilutskyting. K-300P Bastion-P (NATO-kallenamn SS-C-5 Stooge) er eit russisk mobilt kryssarmissilsystem for kystforsvar. Systemet vart utvikla saman med Kviterussland og selskapet Tekhnosoyuzproekt.
Design Den viktigaste rolla i Bastion-P er å engasjera overflateskip inkludert hangarskipsgrupper, konvoiar, og landgangsfartyg. Eit typisk batteri består av 1-2 kommando og kontroll køyretøy basert på Kamaz 43101 6×6 lastebil, ei støttekøyretøy, fire avfryringsrampar basert på MZKT-7930 8×8 chassis med 3 mann som operatørar. Kvar avfyringsrampe har to missil.Bastion-P Costal defense missile system3K55 Bastion
Missilet som vert brukt av Bastion-P er P-800 Oniks, eit supersonisk sjømålsmissil med eit 200–250 kilogram (440–550 lb) stridhovud. Det vert avfyrt vertikalt frå rampa ved hjelp av ein hjelperakett med fast drivstoff for første akselerasjon, deretter brukar missilet ei væske-drivstoff ramjet for vedvarande kryssarfart på Mach 2.5 . Oniks/Yakhont har rekkjevidde som varierer på 120–300 kilometer (75–186 mi; 65–162 nmi) med ein låg-låg-eller høy-låg fluktbane, høvesvis. Ved hjelp av satellitt rettleiing på den første etappen og aktiv radar rettleiing når missilet nærmar seg eit mål, missilet kan fly til ei høgd på 14 000 meter før nedstigning til havet med skimminghøgde på 5 m på den siste etappen.
Operativ historie 2. mars 2011 vart det rapportert at Russland ville plassera systemet på Kurilane i Det fjerne Austen. Utplasseringa vart endeleg gjennomført i 2016.
15. mars 2015 vart det rapportert at Russland hadde utplassert systemet på Krimhalvøya.
mini|Kart med K-300P operatørar i blått.
Russland rapporterte 15. november 2016 at det var deployert K-300P Bastion-P system til Syria, der det vart avfyrt Oniks rakettar mot landmål som ein del av den russiske militære intervensjonen i Syria. Dette demonstrerte at missilet òg kunne brukast mot landmål, noko som tidlegare ikkje var kjent. P-800 brukar ein kombinasjon av autopilot, MODULAR, og ein radiohøgdemålar for midt-kurs, rettleiing og ein monopuls dual-modus aktiv/passiv søkjar for terminal rettleiing. Programvare modifisert i styringssystem til Bastion gjer at missilet kan treffe stasjonære landmål ved hjelp av førehandsprogrammerte koordinatar.
Variantar K-300P - TLF variant, LACM eller AShM, som vert hovudsakleg brukt i kyst-rakett-styrkar. K-300 - silo-baserte versjonen, sannsynlegvis ein av rollene vil vera i kyst-rakett-styrkar. Bastion E - annan kyst-variant.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «K-300P Bastion-P» frå , den 2. april 2017.
Bakgrunnsstoff Video av Bastion-lanseringa på youtube.
Kategori:Kryssarmissil Kategori:Russiske kryssarmissil mot skip