Maja Hilma Dunfjeld () er ein sørsamisk forskar og rettleiar innan duedtie – tradisjonell samisk brukskunst.

Dunfjeld er fødd i Namdalen og busett i Harran. Ho er dotter av duedtie-kunstneren Lars Dunfjeld og syster av juristen Leif Dunfjeld.

Maja Dunfjeld er utdanna formingslærar ved Statens lærerhøgskole i forming, Oslo, der ho blei den første i landet som tok hovudfag i samisk brukskunst i 1989.«Først i landet med hovedfag i samisk duodji». Trønder-Avisa; 11.11.1989 I 2001 tok ho doktorgrad i kunsthistorie ved Universitetet i Tromsø.Doktoravhandlingen er bearbeidet og utgitt i bokform: Maja Dunfjeld. Tjaalehtjimmie, form og innhold i sørsamisk ornamentikk. Utgitt av Saemien Sijte, 2006. ISBN 82-993781-6-8

Dunfjeld har mellom anna arbeidd som lærar ved Snåsa ungdomsskole, konsulent i duedtie for dei sørsamiske områda frå 1980,Liv Marit Idsø. «Fin ambassadør for sør-samisk håndverk». Trønder-Avisa; 31.12.1983Maja Dunfjeld Aagård. «Konsulentvirksomhet og duodji i de sørsamiske områdene». I: Ottar; nr 165 (1987)Maja Dunfjeld Aagård. «Tinntrådarbeid : en samisk spesialitet». I: Ottar; nr 201 (2000)«Duodji som livsform». Trønder-Avisa; 26.5.1990 fyrsteamanuensis ved Samisk høgskole og dagleg leiar ved Duodjeinstituhtta (utviklingssenter for samisk handverk). Den siste tida som yrkesaktiv var ho dagleg leiar ved Sijti Jarnge i Hattfjelldal.

I doktoravhandlinga studerte ho fire gjenstandsgrupper: hornskeier (tjåerviebuste), vandringsstavar (klaahka), mjølkebollar (naehpie) og bringeklede (boengeskuvmie) til gåptoe, samedrakten. Utgangspunktet hennar er at samisk utsmykkingskunst er både praktisk, estetisk og kommunikativ. Ornamentikken spegler ein holistisk samisk religion «hvor bissie, det hellige, er en del av hverdagen og gjennomstrømmer hele tilærelsen.»Maja Dunfjeld Aagård. «Tjaalehtjimmie : sørsamisk ornamentikk som kommunikasjon og estetisk uttrykk». I: Spor; nr 1, 1991 (pdf)Maja Dunfjeld Aagård. «Sola eller Saraahka : symboler og innhold på sørsamiske bringekleder». I: Åarjel-saemieh; nr 5 (1995)Maja Dunfjeld. «Samisk visuell kultur i forhold til personlig og sosialt kjønn». I: Åarjel-saemieh; nr 9 (2007) Dunfjeld har også skrive om sørsamisk visuell kultur i det trønderske kunsthistorieverket Se Trøndelag!Maja Dunfjeld. «Sørsamisk visuell kultur». I: Se Trøndelag! : kunst og visuell kultur i midten av Norge. Bind 2: Hitsendt og heimeavla. Tapir forlag, 2011. ISBN 978-82-519-2618-8

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maja Dunfjeld» frå , den 5. april 2017.

Bibliografi

Kategori:Samiske kunstnarar‎ Kategori:Norske kunsthistorikarar Kategori:Sørsamar Kategori:Norske samar Kategori:Studentar ved UiT Noregs arktiske universitet