Ali Mohamed Shein () er ein tanzaniansk politikar som har vore president på Zanzibar sidan 2010, og var visepresident i Tanzania før det frå 2001 til 2010. Han har utdanning frå Universitetet i Odessa i Sovjetunionen (i dag Ukraina) og ein doktorgrad i medisin frå Newcastle University Medical School i Storbritannia. Shein er den fyrste presidenten på Zanzibar som kjem frå Pemba og ikkje Unguja.

Kategori:Tanzanianske visepresidentar Kategori:Zanzibarske politikarar