Mwinyi Aboud Jumbe () var ein tanzaniansk politikar frå Zanzibar som var president på Zanzibar og visepresident i Tanzania samstundes frå 1972 til 1984. Han tok over båe desse rollene etter at forgjengaren hans Abeid Karume vart myrda 7. april 1972.

Jumbe vart opphavleg vald inn i Revolusjonsrådet på Zanzibar for Afro-Shirazi Party (ASP). Mens han styrte vart dette partiet slege saman med det leiande partiet i Fastlands-Tanzania, Tanganyika African National Union (TANU), til det nye partiet Chama cha Mapinduzi (CCM), og Jumbe vart nestleiar i CCM etter samanslutninga.

I 1979 innførte Jumbe den fyrste konstitusjonen for Zanzibar sidan revolusjonen i 1964. Konstitusjonen innførte ålmenn røysterett og fylgde maktfordelingsprinsippet, og gjorde at presidenten ikkje lenger vart vald av revolusjonsrådet, men direkte av folket.

Referansar

Kategori:Zanzibarske politikarar Kategori:Tanzanianske visepresidentar