Global Exchange of Military Information (norsk 'global utveksling av militær informasjon') er ein avtale om årleg utveksling av informasjon skipa av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa i 1994. I samsvar med denne avtalen vil alle deltakarland utveksla informasjon om alle sine militære styrkar over heile verda.http://www.osce.org/fsc/41384}}http://dtirp.dtra.mil/TIC/synopses/gemi.aspx}}http://www.acq.osd.mil/tc/treaties/gemi/execsum.htm}} Denne utvekslinga skil seg frå Wiendokumentet i og med at ho ikkje er avgrensa til styrkar i Europa, det vil seia mellom Atlanterhavet og Uralfjella.
Informasjonen som er utveksla skal inkludere:
Plassering og personellstyrke under generalstaben. Kommando, organisasjonar, kommandokjede, plassering og personellstyrke. Totalt autorisert personellstyrke i dei væpna styrkane. Total behaldning av våpensystem etter kategori og underkategori, og deira plasseringar.
Informasjonsutvekslinga vert gjennomført årleg i april, og skal reflektere tilstanden per 1. januar.
Referansar Denne artikkelen bygger på «Global Exchange of Military Information» frå , den 18. april 2017.
Kategori:Internasjonale avtalar Kategori:Våpenkontroll Kategori:Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa Kategori:Avtalar på 1900-talet Kategori:Skipingar i 1994