mini|120px|Emblem mini|120px|Emblemet til kontraetterretninga i FSB. FSB (russisk , Federalnaja sluzjba bezopasnosti) er ei føderal tryggingsteneste i Russland internt. Organisasjonen er den viktigaste etterfylgjaren til den sovjetiske Tsjekaen, KGB og NKVD. Hovudkvarteret ligg i Moskva, og mykje av tenesta vert gjort i løynd og er framleis hemmeleg.Федеральный закон «О Федеральной службе безопасности»

Direktøren i 2017 er Aleksandr Vasiljevitsj Bortnikov.Руководство // Федеральная Служба Безопасности

Organisasjonen er under omorganisering og større reformer er undervegs. Dei vil halda fram til 2018 og truleg lenger. Tryggingstiltaka vert gjorde på desse områda:

den russiske grensevakta kontraspionasje Kontraterrorisme kamp mot store former for kriminalitet etterretning informasjonstryggleik

Samansetjing Spesialstyrkar FSB sine einingar, inkludert den russisk grensevakta, omfattar: «Alfa»http://www.specnaz.ru/articles/224/26/2238.htm «Vympel» og tre einingar i tillegg.

Stabsapparat Apparatet til den nasjonale antiterroristkomiteen (NAC) Koordinering av kontraspionasje (CTR) Institutt for militær kontraspionasje (spesielle avdelingar) Teneste for vern av konstitusjonell orden og kamp mot terrorisme (SZKSiBT) Det spesielle formålssenteret for FSB av Russland (CSN) Administrasjon «A» («Alfa») Leiing «B» («Vympel») Kontor for spesielle operasjonar Økonomisk tryggingsteneste (SES) Kontroll og koordinering av kontraspionasje Støtte til industrielle føretak («P») transport («T») kreditt- og finanssystem («K») det russiske innanriksdepartementet EMERCOM i Russland det russiske justisdepartementet («M») kamp mot smugling, menneskehandel og narkotika («N») Teneste for operativ informasjon og internasjonale forhold (SOIiMS) Støtte av organisasjonspersonellarbeid (SOKR) Støtte til forretningar Personleg tryggingsadministrasjon Grensevakt (FS) grensemynde regional grenseleiing fagleg grensekontroll i grensevaktsstyrkane til den russiske føderasjonen divisjonar og grupper i FSB Vitskapleg og teknisk teneste (NTS) Kontrollfunksjonar Undersøkingsavdeling (etterforsking) Forvalting av registrerings- og arkivfond (URAF)

Døme på kontraspionasje I 2006 var Storbritannia skulda for å ha plassert avansert opptaksutstyr og ein liten radiosendar i en pakke som såg ut som ein stein i nærleiken av eit sensitivt område.https://www.dagbladet.no/nyheter/her-henter-britene-spiondata-fra-en-falsk-stein/66176382

Den 5. desember 2017 vart ein tidlegare norsk grenseinspektør, Frode Berg, gripen og skulda for spionverksemd i Moskva.https://www.nrk.no/finnmark/tidligere-norsk-grenseinspektor-arrestert-i-moskva-1.13816387

mini|venstre|Hovudkvarteret til FSB ved Lubjankaplassen i Moskva. mini|FSB-bygningen i Nizjnij Novgorod.

Referansar

Bakgrunnsstoff Структура ФСБ России на сайте Agentura.Ru. Как растет бюджет российских спецслужб // Agentura.Ru. Отчет ФСБ за 2011 год и критика Медведева // Agentura.Ru. ФСБ России на сайте Razvedinfo.ru. Историческая справка (1998 год) на сайте politika.su. Символика Федеральной службы безопасности России. Знаки, награды, памятные медали. Условия правомерности применения оружия и специальных средств сотрудниками органов ФСБ

Kategori:Det russiske forsvaret Kategori:Etterretningsorganisasjonar Kategori:Russiske føderale organ