Oliver Bierhoff () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Karlsruhe. Midtspissen, som hadde sin styrke som hovudspelar, vart europameister med Tyskland i 1999 og seriemeister i Italia i 1999 med AC Milan.

Karriere Klubbspel Bierhoff fekk sin bundesligadebut med Bayer Uerdingen i 1986, gjekk så vidare til Hamburger SV i 1988 og eit kort opphald i Borussia Mönchengladbach i 1990. Sesongen 1990/91 skåra han mange mål for austerrikske Austria Salzburg. Dei neste ti åra var han aktiv i italiensk seriefotball, fyrst for Ascoli i tida 1991-95. Han fekk sitt gjennombrot med Udinese i perioden 1995-98, og vart i 1998 toppskårar i Serie A med 27 nettkjenningar. Frå 1998 til 2001 spelte han på AC Milan, der han vart seriemeister i sin fyrste sesong med laget. Han avslutta profftida med ein sesong i AS Monaco og ein siste sesong i italienske Chievo.

Landslagsspel Bierhoff debuterte på det tyske landslaget i februar 1996. I sin niande landskap, EM-finalen 1996 mot Tsjekkia i London, kom han inn frå benken og utlikna til 1-1, for så å verte kampvinnar då han skåra på såkalla «golden goal» i ekstraomgangen. Sidan deltok han i fotball-VM 1998 og EM i fotball 2000, menn fekk lite speletid i sistnemnde turnering. Meir nytta vart han i VM i fotball 2002, der han var innbytar i finalen mot Brasil i Yokohama, utan å kunne hindre brasiliansk triumf i det som vart hans siste opptreden i landslagstrøya. Han skåra 37 mål på sine 70 landskampar.

Merittar Europameister: 1996 med Tyskland VM-sølv: 2002 med Tyskland Vinnar av Serie A: 1999 med AC Milan

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oliver Bierhoff» frå , den 26. april 2017.

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Udinese-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:Chievo-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002