Unni Berge () er ein norsk SV-politikar, statsvitar og forfattar. Ho er fødd i Bygstad i Gaular kommune og busett i Oslo.
Biografi Berge er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo og skreiv masteroppgåva Petroleumsaktivitet i Barentshavet: Konflikt eller sameksistens. I 2006 jobba ho som fagansvarleg for oljesaker i Miljøstiftelsen Bellona. Frå 2007 til april 2012 jobba ho med løysingar på klimaproblemet i miljøstiftelsen ZERO. I april 2012 gikk Berge over til å vere politisk rådgjevar for utviklingsminister Heikki Holmås.
Berge vart i 1997 oppnemnd som medlem av Verdikommisjonen som Bondevik si første regjering sette ned for å finne fellesnormer for det norske samfunnet. Ho var leiar for Operasjon Dagsverk sin Jente-kampanje i 1999. Før det var ho leiar av Operasjon Dagsverk i Sogn og Fjordane i tre år. Berge sat i sentralstyret i Natur og Ungdom i perioden 2001–2003. I perioden 2001–2009 sat ho i styret i Sofieprisen. I 2008 vart ho vald inn i Bioteknologinemnda.
Bibliografi Bøker
Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Wikipedia på bokmål
Bakgrunnsstoff Biografi hos Utanriksdepartementet
Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Gaular