Lars Christian Olsen () er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Glostrup som var kaptein på det danske landslaget som vann fotball-EM 1992 i Sverige. Midtstoppar Olsen vann elles seks seriegull med Brøndby IF og vart både dansk og tyrkisk cupmeister med høvesvis Brøndby IF og Trabzonspor.

Klubbspel I tenåra spelte Olsen tredjedivisjonsfotball med det lokale laget Glostrup IF. Frå 1981 til -84 markerte han seg i forsvarsrekka til Køge BK i nasjonal toppfotball. I 1985 melde han overgang til Brøndby, eit lag som vann fem seriemeisterskap i dei åra Olsen spelte på laget frå København. År 1988 vart han elles kåra til årets spelar i Danmark. Sommaren 1991 vart han overført til tyrkiske Trabzonspor. Han vart verande berre ein sesong i Tyrkia, men fekk med seg ein nasjonal cuptriumf. Sidan spelte han to sesongar, 1992-94, i belgiske RFC Seraing, og 1994-95 i sveitsiske FC Basel. Han avslutta spelarkarrieren i 1996 i Brøndby, der han sikra seg sin sjette danske seriemeistertittel.

Landslagsspel Olsen fekk sin landslagsdebut i april 1986, men det var fyrst i 1987 han tok fast plass i det dansk landslaget. Han deltok i alle tre oppgjera då Danmark rauk ut or EM i fotball 1988 etter innleiingsrunda. Fire år seinare spelte han alle kampane då Danmark gjekk heilt til topps i EM 1992, etter siger 2-0 over Tyskland i finalen. Etter 1994 fekk Olsen sjeldan sjansen på landslaget, og spelte sin 84. og siste landskamp i oppkøyringa til EM 1996. Under sjølve meisterskapen i England sat han ubrukt på benken. Han skåra fire landslagsmål.

Merittar Europameister: 1992 med Danmark Dansk seriemeister: 1985, 1987, 1988, 1990, 1991 og 1996 med Brøndby IF Dansk cupmeister: 1989 med Brøndby IF Tyrkisk cupmeister:1992 med Trabzonspor

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lars Olsen» frå , den 30. april 2017.

Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Brøndby-spelarar Kategori:Basel-spelarar Kategori:Trabzonspor-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996