mini|Svinekotelettar servert med dirty rice. Dirty rice er ein tradisjonell risrett frå Sørstatane i USA. Han blir kalla dirty ('skitten') på grunn av den litt skitne fargen gjeven av innvolane og krydderet ein har oppi. Eit anna namn på retten er rice dressing.
Ein lager typisk dirty rice med kvit ris, kyllingkjøt som krås, lever og andre innvolar. Ein kan også bruka kjøtdeig frå svin eller storfe, særleg i variantar kalla rice dressing. Andre ingrediensar er grøn paprika, selleri, lauk og krydder som cayenne og svart pepar.[which give it a dark ("dirty") color. Frommer's New Orleans] Vanleg garnityr er persille og vårlauk.
Dirty rice er særleg knytt til cajunfolk og louisianakreolar. Slike blanda risretter er vanlege i afroamerikansk og karibisk matlaging.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Cajunkultur Kategori:Kultur i Louisiana Kategori:Risretter Kategori:USA-amerikansk mat Kategori:Sørstatskultur