Jon Dyrrdal () var ein norsk sosialøkonom og ungdomslagsorganisator. Han var frå Kyrkjebø i Høyanger kommune.
Erfaringar og engasjement Dyrrdal var på studieferd i Sør-Europa og Midtausten før han drog til USA, der han studerte sosialøkonomi. Nokre av inntrykka og refleksjonane frå studieferda oppsummerte han i småskriftet I skuggane fraa Versailles : det arbeidslause Tyskland (1923).
I 1920-åra arbeidde Dyrrdal ei tid på Ford-fabrikken i Detroit. Dette danna bakgrunnen for pamfletten Fordismen : moderne arbeidsproblem (1929), utgitt på Fram forlag (Mot Dag). Pamfletten var eit tidleg oppgjer med «Ford-myten» og ein kritisk sosiologisk analyse av korleis moderne rasjonell industriell masseproduksjon verkar sløvande på arbeidarane.
Dyrrdal kom tidleg med i ungdomslagsarbeidet i heimtraktene. Etter at han kom til Noreg att, vart han sekretær (1928–33) i det nyskipa Oslo Fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Her vart han ei drivande kraft, ikkje minst i det sosiale arbeidet til ungdomsrørsla i hovudstaden. Han fekk i gang hybelhuset «Heim for landsungdom» (Nordahl Bruns gate 22) og bygde med kommunal og statleg støtte opp «Sosialkontoret for landsungdom» til hjelp for ungdom som ville etablere seg i bygdene. Han kombinerte ny økonomisk og sosiologisk innsikt med eit sterkt organisatorisk engasjement i norskdomsrørsla.
Bibliografi Bøker
Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff
Hermund Kleppa: «Minnestein over Jon Dyrrdal», i Kulturhistorisk leksikon, fylkesarkiv.no, publisert 2002
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Høyanger