Per Tang () var ein norsk offiser og kartograf. Han var frå Hafslo i Luster kommune. Tang tok eksamen frå den Militære høgskulen i 1907 og arbeidde i generalstaben frå 1909. Frå 1913 arbeidde han i Norges geografiske oppmåling, frå 1918 til 1948 som topograf. Tang grunnla grensearkivet til oppmålinga og bidrog til å fastsetja Norge sine administrative grenser. Han arbeidde også med å berekna arealet for norske fylke og kommunar. I 1946 var han konsulent for Kommuneinndelingskomitéen.

Tang var historisk interessert, og var ein av grunnleggjarane av Historielaget for Sogn i 1909, og av Sognelaget i Oslo i 1914. Han bidrog til ei rekkje bygdebøker, og han skreiv artiklar om Norges geografi til Norsk Allkunnebok.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift -eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder Nekrolog i Norsk Geografisk Tidsskrift 1956 Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge

Bakgrunnsstoff Om Per Tang i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske kartografar Kategori:Folk frå Luster Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Luster