Dixon Entrance (fransk Entrée Dixon, haida Seegaay) er eit sund i Nord-Amerika som skil Alexanderarkipelet i Alaska i nord frå Graham-øya i Britisk Columbia i sør. Den internasjonale maritime grenselina som går gjennom sundet mellom USA og Canada er omstridd.The World Factbook, Canada . Transnational Issues. Besøkt 3. september 2014.
Sundet har innløp mellom Kapp Muzon på Dall-øya og Langara-øya like nord for Graham. Det strekkjer seg austover til det kanadiske fastlandet. Det er ein del av ei innaskjærs seglingsrute for skip langs den nordamerikanske stillehavskysten, og markerer også den austlege overgangen mellom Stillehavet og Alaskabukta.Geographic Names Information System, Feature Detail Report for: Gulf of Alaska. Besøkt 3. september 2014. Frå sundet fortset Clarencesundet i nordleg retning og Hecatesundet sørover.
Sundet har namn etter George Dixon, som var kaptein i den britiske marinen.Geographic Names Information System, Feature Detail Report for: Dixon Entrance. Besøkt 3. september 2014.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dixon Entrance» frå , den 9. mai 2017.
Bakgrunnsstoff Canada's Unresolved Maritime Boundaries
Kategori:Sund i Canada Kategori:Sund i Alaska Kategori:Sund i Stillehavet Kategori:Beringhavet Kategori:Omstridde område