Monotropa uniflora er ein plante i vaniljerotslekta i lyngfamilien. Han er ein fleirårig staudeplante som veks spreidd i tempererte område frå Udmurtia i europeisk Russland til Asia, Nord-Amerika og nordlege Sør-Amerika.

Planten kan vera heilt kvit på farge eller ha svarte flekkar og ein lyserosa farge.David Matthews "Indian Pipes, Ithaca NY" Som vaniljerot skil planten seg frå dei fleste andre plantar ved å mangla klorofyll. I staden for å driva fotosyntese ved hjelp av sollys lever han parasittisk på mykorrhiza-nettverket mellom visse typar sopp og andre plantar. Sidan han ikkje er avhengig av sollys kan han veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen. Monotropa uniflora er særleg knytt til bøkeskog.http://www.psu.edu/dept/nkbiology/naturetrail/speciespages/indianpipe.htm

I Nord-Amerika er planten også kjend som ghost plant, Indian pipe og corpse plant. Planten er i dag sjeldan å finna. Det komplekse samspelet med sopp gjer det vanskeleg å formeira og dyrka han.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Monotropa uniflora» frå , den 16. mai 2017.

Bakgrunnsstoff

"Indian Pipes, Ithaca NY" is a photo chronology of their development through the season. USDA PLANTS Profile med bilde

Kategori:Lyngfamilien