Ragnvald Indrebø () var ein norsk geistleg, lærar og forfattar som var biskop i Bjørgvin bispedømme frå 1948 til 1961. Indrebø var morfar til Ragnar Hovland.
Liv Ragnvald Indrebø var fødd i Os i Hordaland. Etter teologisk embetseksamen hadde han ei variert teneste i skule, kyrkje og organisasjonsliv: 1919 til 1922: Lærar i den høgare skulen 1922 til 1927: Sokneprest i Jølster 1927 til 1929: Styrar av Sunnfjord ungdomsskule 1929 til 1930: Generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund. 1930 til 1948: Meinigheitsprest 1948 til 1961: Biskop i Bjørgvin
Parallelt med tenesta var Indrebø lærar på Menighetsfakultetet. Frå 1938 til han blei biskop var han redaktør av Luthersk Kirketidende. Under andre verdskrigen var han frå 1942 medlem av Den midlertidige kirkeledelse etter at prestane hadde lagt ned tenesta i protest mot nazistyret under Nasjonal Samling. I 1947 kom han på andreplass i meinigheitsråda si avstemming om kven som skulle bli biskop i Hamar bispedømme. Det var Kristian Schjelderup som blei utnemnd.
Forfattar Indrebø er kjend som bibelomsetjar. Saman med broren Gustav Indrebø omsette han Bibelen til nynorsk i den utgåva som kom i 1938. Utgåva har fått kallenamnet Indrebøbibelen. Han skreiv også andre bøker: Evangeliet i forkynning og sjelesorg: homiletikk (preikelære) (saman med Berg Rollnes og Joakim Kvistad) 1933 Lunde forlag Forelesninger i pedagogikk 1946 Lidinga i ljoset frå Guds ord : Hudson Taylor : liv og virke NMS-forlaget Kulturkrisa i dag 1950 Credo forlag Mot sentrum 1951 Sambåndet forlag Dei fyrste biskopane i Bjørgvin bispedømme 1971
Dessutan omsette han ein del konfirmasjonsbøker til nynorsk.
Salmediktar Norsk Salmebok og Norsk salmebok 2013 inneheld ein salme omsett av Indrebø: «Ditt verk er stort, men veik er eg».
Kyrkjevigslar Som biskop stod Ragnvald Indrebø for vigslinga av ei rekkje kyrkjer: 1. april 1951: Herdla kyrkje i Askøy 12. august 1951: Nonneseter kapell til døvekyrkje for Bergen 4. desember 1951: Den norske sjømannskyrkja i Le Havre 14. april 1957: Askrova bedehuskapell i Flora juni 1957: Stavang kyrkje i Flora 26. april 1959: Den norske sjømannskyrkja i Hamburg 9. oktober 1960: Svelgen kapell i Bremanger 24. oktober 1960: Nord-Vågsøy kyrkje på Raudeberg i Vågsøy
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ragnvald Indrebø» frå , den 22. mai 2017. oppgav desse kjeldene: Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum Forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0, s. 124
Bakgrunnsstoff Medlemmer i «Velferden» presteforening Brev til Quisling vedr. jødeforfølgelse
Kategori:Tidlegare biskopar i den norske kyrkja Kategori:Bjørgvin bispedømme Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Bibelomsetjarar Kategori:Folk frå Os i Hordaland Kategori:Norske salmediktarar