Ole Detlevsen eller Ole Ditlevsen Dybdahl () var ein norsk byggmeister frå Røros. Han var far til Knud Olsen.

Ole Detlevsen var byggmeister på Røros, og i si tid overjeger og kommandersersjant i Røros bergkorps. I den posisjonen vart han vald til å vere bergkorpset sin andre representant i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, jamsides kaptein Richard Floer. Av ukjende grunnar møtte han ikkje.

I boka De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus går det fram at både Richard Floer og Detlevsen møtte på Eidsvoll. Dei skal ha vore blant dei siste som vart ropt opp på oppmøtedagen 10. april. Fullmaktskomitéen hadde ikkje rekna med at to menn skulle møte frå ei så lita militæravdeling som Røros bergkorps og Detlevsen måtte reise heim att til Røros.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske byggmeistrar Kategori:Folk frå Røros Kategori:1814 i Noreg