Europacupen i fotball 1974 var ei fotballturnering der vinnarane av 30 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvararen Ajax frå Amsterdam. Turneringa var den 19. i rekka. Etter ein finalekamp 15. mai 1974 på Heysel-stadion i Brussel, som enda uavgjort 1-1, møttest finalistane Bayern München og Atlético Madrid på ny på same bana to dagar seinare, ein kamp vesttyske Bayern München vann med 4-0 over seriemeistrane frå Spania. Sigeren var den fyrste av tre rake triumfar i Europacupen i fotball til det vesttyske meisterlaget.
Europacupen 1974 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 18. september 1973. Etter to rundar i september-november, vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i tida februar-april 1974.
Vinnarlaget Bayern München trong ekstraomgangar for å slå ut svenske Åtvidabergs FF i fyrste runde, og sende deretter Dynamo Dresden, CSKA Sofia og ungarske Újpesti Dózsa ut av turneringa, medan Atlético Madrid sikra seg finaleplass ved å slå ut tyrkiske Galatasaray, Dinamo Bucuresti, Raude Stjerne frå Beograd og Celtic FC frå Glasgow.
Finalane 48 722 tilskodarar såg finalekampen 15. mai 1974 som enda 1-1, medan 23 283 var til stades den 17. mai, då finalen vart avgjort med siger 4-0 til Bayern München. Begge kampane fann stad på Heysel-stadion i Brussel.
I den fyrste finalekampen tok det 114 minuttar før Atlético-kapteinen Luis Aragonés skåra det fyrste målet. Seks minuttar seinare, i det siste minuttet av andre ekstraomgang, utlikna Georg Schwarzenbeck for Bayern. Dermed vart det ny kamp same stad, den 17. mai. Midtbanespelaren Uli Hoeneß gav då Bayern leiinga i 28. minutt, før Gerd Müller i andre omgang sende det vesttyske laget i leiing 2-0 og 3-0 etter 57 og 70 minuttar. Også Hoeneß vart tomålsskårar med ei nettkjenning i 83. minutt.
mini|Lagoppstillingane 17. mai 1974
Vinnarlaget Bayern München stilte med dei same elleve i begge kampane. Sepp Maier stod i mål, vidare var det Johnny Hansen, Georg Schwarzenbeck, Franz Beckenbauer, Paul Breitner, Franz Roth, Rainer Zobel, Uli Hoeneß, Conny Torstensson, Gerd Müller, Jupp Kapellmann. I den fyrste kampen tok Bernd Dürnberger plassen til Torstensson i 76. minutt.
I det fyrste oppgjeret mønstra Atletico: Miguel Reina, Francisco Melo, Adelardo Rodríguez, Ramón Heredia, Luis Aragonés, José Luis Capón, Eusebio Bejarano, Javier Irureta, Armando Ufarte, José Gárate, Ignacio Salcedo. Heraldo Becerra fekk plassen til Ufarte i det 69. minutt og Alberto Fernández spelte ekstraomgangane, i staden for Salecedo. I finalekamp nummer to var Irureta og Ufarte vraka frå startoppstillinga, i staden spelte Becerra og Fernández frå start. På stillinga 0-2 kom fyrst Domingo Benegas inn for Adelardo, og så Ufarte for Fernández.
Vital Loraux og Alfred Delcourt, begge frå Belgia, dømde høvesvis den fyrste og den siste kampen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Europapokal der Landesmeister 1973/74» frå , den 28. mai 2017.
Kategori:Europacupen i fotball Kategori:Fotball i 1974