Søren Breder Martens () var ein norsk bakarmeister og stortingsmann frå Bergen.
Martens var son til ein bakarmeister i Bergen, og vart i 1810 sjølv bakarmeister i heimbyen. Han var valmann frå 1826 til -44, og møtte på Stortinget både i 1830, 1833 og 1842. I 1830 var han medlem i Desisjonskomiteen og både i 1830 og 1833 i komiteen om kjøpstadskatten, elles i 1833 var han med i Protokollkomiteen. På Stortinget 1842 var han medlem i Næringskomite nr 2.
Martens levde ugift og døydde i heimbyen, 71 år gammal.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Norske handelsfolk