Savitribai Jyotirao Phule () var ein indisk samfunnsreformator og diktar. Saman med ektemannen Jyotirao Phule spelte ho ei viktig rolle i å betra kåra til kvinner i Britisk India.
Bakgrunn Savitribai Phule var fødd i 1831 i Naigaon i Maharashtra. Familien hennar var velståande bønder. Faren var patil, eller landsbyoverhovud.
I 1840, då Savitribai var ni, blei ho gift med den tolv år gamle Jyotirao Phule. Barneekteskap var vanlege i India på denne tida. Paret fekk ingen barn saman, men adopterte seinare Yashavantrao, sonen til ei brahminarenkje.
Virke
I 1848 skipa Savitribai og Jyotirao Phule ein jenteskule i Pune, etter at han først hadde lært henne å lesa. Savitribai var den første læraren ved skulen. Utdanninga av kvinner og lågkastefolk møtte mykje motstand i lokalsamfunnet, og paret blei drive ut frå familieheimen. Dei fekk ly og støtte av Usman Sheikh og systera hans Fatima Sheikh.
Paret skipa også ein heim for einslege gravide kvinner, anten enkjer eller offer for seksuell utnytting. Balhatya Pratibandhak Griha tok vare på barna deira for å hindra at dei blei drepne etter fødselen. Fleire av desse barna døydde som unge, men ein av dei, Yashavantrao, blei adoptert av paret og fortsette arbeidet deira.
Død I 1897 kom den tredje pestpandemien til området. Savitribai og Yashavantrao opna ein klinikk for å pleia byllepestoffer i Sasane Mala i Hadapsar, nær Pune, men utanfor byen. Savitribai tok sjølv med pasientar til klinikken. Ho blei smitta, og døydde av sjukdommen 10. mars 1897.
Dikting Savitribai Phule skreiv fleire dikt mot diskriminering og for utdanning.Few Poems by Savitribai Phule http://drambedkarbooks.com/2015/01/03/few-poems-by-savitribai-phule/A Forgotten Liberator – The Life And Struggle of Savitribai Phule, Mountain Peak Publishers, New Delhi ISBN 978-81-906277-0-2 Dei er blitt gjevne ut posthumt i to diktsamlingar - Kavya Phule (1934) og Bavan Kashi Subodh Ratnakar (1982).
mini|Byste av Savitribai Phule i Pune.
Minne Pune City Corporation reiste ei minnestøtte for henne i 1983. 10. mars 1998 gav India Post ut eit frimerke til ære for Phule. Universitetet i Pune fekk namnet Savitribai Phule Pune University i 2015. 3. januar 2017 blei fødselsdagen hennar markert av Google med ein Google-doodle.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 4. juni 2017.
Bakgrunnsstoff
A Forgotten Liberator – The Life And Struggle of Savitribai Phule, Mountain Peak Publishers, New Delhi ISBN 978-81-906277-0-2
Savitribai Phule, First Women Teacher in India
Kategori:Indiske kvinnesaksfolk Kategori:Indiske skulefolk Kategori:Folk frå Maharashtra Kategori:Marathidiktarar Kategori:Indiske kvinnelege diktarar Kategori:Indiske diktarar på 1800-talet