Johannes Franciscus van Breukelen, kjend som Hans van Breukelen, () er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Utrecht. Målvakta vann i 1988 Europacupen i fotball med PSV Eindhoven og vart europameister med Nederland.

Breukelen debuterte på FC Utrecht i mars 1977, og tok fast plass i fyrsteellevaren frå hausten 1978. Den 11.oktober 1980 fekk han sin landslagsdebut mot Vest-Tyskland. I september 1982 vart han overført til det engelske topplaget Nottingham Forest for 200 000 pund, der han erstatta veteranen Peter Shilton. Breukelen spelte to sesongar i England og var i 1984 med å føre Forest til tredjeplass i 1. divisjon, seks poeng bak ligameister Liverpool FC, og til semifinalane i UEFA-cupen, der laget hans vart slått ut av belgiske RSC Anderlecht.

Hausten 1984 vende Breukelen tilbake til heimlandet og spel i PSV Eindhoven. Med PSV vart han nasjonal seriemeister fire år på rad, 1986–1989. Våren 1988 stod høgdepunkta i kø for Breukelen. Etter seriegullet var sikra, gjekk PSV heilt til topps i serievinnarcupen. I finalen mot Benfica stoppa han ei avgjerande straffe i straffeskytinga. Og i juni månad var han på plass mellom målstengene då Nederlands landslag vann EM i fotball 1988, ved å slå Sovjetunionen i finalen med 2-0. Også då redda han eit straffespark.

Sidan deltok Breukelen både i fotball-VM 1990 og i EM 1992, då Nederland tapte for komande europameister Danmark i semifinalane. Semifinalekampen var Breukelens 73. og siste landskamp. Han hadde då allereie vunne ytterlegare to seriegull med PSV; 1991 og -92. Ved sesongslutt våren 1994 la han opp.

Merittar Europameister: 1988 med Nederland Vinnar av Europacupen: 1988 med PSV Eindhoven Nederlandsk seriemeister: 1986, 1987, 1988, 1989, 1991 og 1992 med PSV Eindhoven Nederlandsk cupmeister: 1988, 1989 og 1990 med PSV Eindhoven

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans van Breukelen» frå , den 6. juni 2017.

eu-football

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Utrecht-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992