Olm (Proteus anguinus) er ein blind og fargelaus salamander i familien hòlepadder. Han lever i innsjøar og elvar i underjordiske hòler langs kysten av Adriahavet, frå nordaust i Italia til Montenegro, og vert 20–30 centimeter lang. Ein vaksen olm lever i snitt 68,5 år og vert kjønnsmogen ved ein alder på 15,6 år. Det er venta at olmar har ei lengste levetid på over 100 år.

Olmen slo seg ned i hòler i Europa for kring 20 millionar år sidan og er den einaste kjende europeiske arten av ryggradsdyr som har tilpassa seg eit liv i hòler.

Kjelder

Kategori:Salamandrar