Jacob Maurice Ørbæk () var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Tvedestrand som representerte Aust-Agder og partiet Høgre på Stortinget i åra 1928-45.

Ørbæk var son til ein kyrkjetenar i Halden. Etter å ha arbeidd eit par år i bank, var han 1886-88 elev på Hamar seminarium. Deretter var han lærar i Halden i tre år og i Tvedestrand i to år. I Tvedestrand var han samstundes organist og songleiar åra 1892-98. Frå 1894 til 1917 var han kontorsjef i C. Wroldsen, eit firma i Tvedestrand som dreiv skipsreiarverksemd og trelasthandel. I 1918 var han disponent i A/S Trælast i Tvedestrand og frå 1919 til-25 hadde han same posisjon i Visedalens Timberlag i Risør. Åra 1924-26 var han redaktør i Aust Agder Blad i Risør, før han så var handelsagent i Risør for franske næringsutøvarar og -interesser. Til sist var han banksjef i Søndeled Sparebank 1938-45.

Ørbæk var bystyremedlem i Tvedestrand frå 1901 til -19 og heradsstyremedlem i Søndeled 1925-31. I Tvedestrand var han til ulike tider skulestyreformann, fattigstyreformann og formann i likningsnemnda, samt branndirektør. Han var i Søndeled medlem i forliksrådet og elles medlem 1910–19 i Sørlandsbanens felleskomite. Både i Tvedestrand og i Søndeled hadde han sentrale posisjonar i dei lokale sparebankane; mellom anna som styremedlem («direktør») 1909-19 i sparebanken i Tvedestrand. Han var i til saman fire år leiar av handelsforeininga i Tvedestrand, og 1924-26 formann i Aust-Agder distriktslag for idrett. Og gjennom fem år dirigerte han Risør mannskor.

I tida 1928-45 var Ørbæk tredje representant frå Aust-Agder på Stortinget, vald for partiet Høgre. Han var i alle år med i Militærkomiteen, nestformann 1937-45.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Tvedestrand Kategori:Høgreordførarar i Aust-Agder Kategori:Folk frå Halden Kategori:Folk frå Tvedestrand