Mirela Manjani () er ein albansk-gresk tidlegare spydkastar frå Durrës i Albania. Ho vart verdsmeister i øvinga i 1999 og 2003 og europameister i 2002.
Aktiv Manjani deltok i internasjonal friidrett for fødelandet Albania fram til 1997. Ho gifta seg då med vektløftaren Giorgios Tzelilis og vart gresk statsborgar. I 1999 vann Manjani VM-gull i Sevilla framom russiske Tatjana Sjikolenko og norske Trine Hattestad. Under dei olympiske sommarleikane i Sydney hausten 2000 sette Manjani gresk rekord med 67,51 m, men hennar livs lengste spydkast heldt ikkje til gull, etter som norske Trine Hattestad presterte 68,91 m i fyrste omgangen. Året etter tok Manjani eit nytt internasjonalt sølv under VM 2001, då bak cubanske Osleidys Menéndez.
Både i friidretts-EM 2002 og VM 2003 steig Manjani til topps etter spydtevlinga, i begge meisterskapane var ho i ei lita klasse for seg. I si siste store meisterskapstevling, Sommar-OL 2004 i Aten, kneip ho bronsen i siste omgangen, seks centimeter framom tsjekkiske Nikola Brejchová.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Nr 12 – 55,56 m OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (55,64 m =nr 24) VM 1997 i Aten: Nr 11 – 61,02 m EM 1998 i Budapest: Nr 9 – 58,65 m VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje – 67,09 m, framom Tatjana Sjikolenko (66,37 m) OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 67,51 m, bakom Trine Hattestad (68,91 m) VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 65,78 m, bakom Osleidys Menéndez EM 2002 i München: Gullmedalje – 67,47 m, framom Steffi Nerius (64,09 m) VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 66,52 m, framom Tatjana Sjikolenko (63,28 m) OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 64,29 m
Kjelder
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Albanske friidrettsutøvarar Kategori:Greske spydkastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Hellas Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Hellas Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Hellas Kategori:Albanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Greske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004