Karsten Fonstad () var ein norsk jarnbanetelegrafist og politikar, heimehøyrande i Arbeidarpartiet og Noregs Kommunistiske Parti. Han var stortingsmann for Ap i tre periodar.
Liv og virke Fonstad vart fødd på Ringsaker som son av elektrikar Johannes Fonstad og Mathea Kristiansen. Han fullførte folkeskulen og amtsskulen i Ringsaker før han frå 1919 til 1920 vart uteksaminert ved Jarnbaneskulen. Etter dette arbeidde han i ein periode som stasjonsbetjent, før han i 1920 vart tilsett som jarnbanetelegrafist hos NSB. Frå 1923 var han stasjonert ved Moelv stasjon, og med unntak av krigsåra, tenestegjorde han i denne stillinga fram til 1946 då han vart jarnbaneekspeditør.
Han vart medlem av arbeidarungdomsrørsla og Arbeidarpartiet alt i 1916. Ved den store partisplittinga i 1923 følgde han fløya som støtta Komintern so linje, og vart medlem av det nye Noregs Kommunistiske Parti. Han forlét likevel NKP ved partisamlinga NSA/DNA i 1927, og gjekk inn att i Arbeidarpartiet.«Fonstad, Karsten», Arbeidernes Leksikon, bind III, Oslo 1933.
I 1925 vart han medlem av Ringsaker heradstyre, og frå 1928 og fram til 1931 fungerte han som ordførar i kommunen. Fonstad kom inn på Stortinget som 1. suppleant etter valet i 1930 frå valkrinsen Hedmark fylke, der han vart medlem av landbrukskomiteen som erstatning for Kristian Lian frå oktober 1931. Han vart vald inn på Stortinget ved valet i 1933 som 6. representant, og sett som medlem av administrasjonskomiteen. Han vart attvald ved valet i 1936, der han då var medlem av veg- og jarnbanekomiteen. Etter at perioden hans på Stortinget var over vart han på nytt aktiv i lokalpolitikken som medlem av Ringsaker heradstyre.
Under okkupasjonen av Noreg vart han i 1941 fråteken dei kommunale verva sine. Han vart arrestert i februar 1945 og sat fengsla i Hamar fengsel fram til 14. februar då han vart flytt til Grini fangeleir. Der sat han fram til slutten av krigen. Fonstad døydde i juli 1970 og vart gravlagd i heimbygda Ringsaker.Søk etter «Karsten Fonstad» hos DIS-Norge. (vitja 13. oktober 2011)
Stortingskomitear Landbrukskomiteen 1931–1933 Administrasjonskomiteen 1934–1936 Veg- og jarnbanekomiteen 1937–1945
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karsten Fonstad» frå , den 14. juni 2017.
Kategori:Ap-ordførarar i Hedmark Kategori:Ordførarar i Ringsaker Kategori:Folk frå Ringsaker Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap