Ramona Neubert, fødd Göhler, () er ein tysk tidlegare mangekjempar frå Pirna i Sachsen som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart europameister 1982 og verdsmeister 1983 i sjukamp.

Aktiv Neubert høyrde til verdseliten i mangekamp frå ho var 20 år gammal. I sesongane frå 1981 til 1983 var ho verdseinaren i sjukamp. Ho sette to verdsrekordar i 1981, fyrst i eit uttaksstemne i Halle 24. mai med 6 670 poeng, og der etter i ein landskamp 29. juli i Kiev med 6 788 poeng. Den 20. juni 1982 forbetra ho rekorden til 6 845 poeng, før ho i september same året vart europameister i øvinga i Aten. 19. juni 1983 sette ho sin fjerde rake verdsrekord då ho oppnådde 6 935 poeng i eit stemne i Moskva. Vel to månader seinare vann ho i Helsinki gullmedaljen i sjukampen under den aller verdsmeisterskapen i friidrett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1978 i Praha: Nr 6 i femkamp – 4 381 poeng OL 1980 i Moskva: Nr 4 i femkamp – 4 698 poeng EM 1982 i Aten: Gullmedalje i sjukamp – 6 664 poeng, framom Sabine Möbius (6 594) VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje i sjukamp – 6 714 poeng, framom Sabine Möbius (6 662)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ramona Neubert» frå , den 18. juni 2017.

World Athletics

Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980