Hans-Peter Briegel () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Rodenbach i Rheinland-Pfalz. Han vart europameister med Vest-Tyskland i 1980, og spelte på dei vesttyske laga som tok seg til finalen både under VM 1982 og VM 1986.

Klubbspel Briegel var aktiv på FC Kaiserslautern i heimlandet frå 1975 til -84. Sommaren 1984 vart han overført til italienske Hellas Verona. Allereie i sin fyrste sesong var han med på ein historisk triumf, ettersom laget frå Verona for fyrste og hittil (2017) einaste gong sikra seg ein scudetto, den italienske seriemeistertittelen. Vel eitt år seinare gjekk turen til Sampdoria og to sesongar i laget frå Genova. Han avslutta karrieren med å verte italiensk cupmeister, skåra til og med det fyrste målet i den fyrste av dei to finalekampane.

Landslagsspel Briegel var vesttysk landslagsspelar frå 1979 til -86. I desse åra spelte han 72 landskampar og skåra fire mål. Han var på bana både under EM-finalen 1980 og VM-finalane 1982 og 1986. I 1980 vart det vesttysk finalesiger 2-1 mot Belgia, ein meisterskap der Briegel fekk venstreback-plassen på det såkalla Alls Star Team i EM. Sidan kom tap i begge VM-finalane, fyrst mot Italia i 1982 og så mot Argentina i 1986. Også i 1984 var Briegel på Vest-Tysklands lag i fotball-EM.

Merittar Europameister: 1980 med Vest-Tyskland VM-sølv: 1982 og 1986 med Vest-Tyskland Italiensk seriemeister: 1985 med Verona Italiensk cupmeister: 1988 med Sampdoria

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hans-Peter Briegel» frå , den 19. juni 2017.

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Kaiserslautern-spelarar Kategori:Verona-spelarar Kategori:Sampdoria-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1982 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986