Rotnes kyrkje (Rotnes kirke) er ei kyrkje i Rotnes i Nittedal kommune i Akershus. Kyrkjebygget vart teikna av L2 Arkitekter, og entreprenør er JM Norge.Byggmesteren 3. desember 2015 Kyrkja er ein del av eit utbyggingsprosjekt som òg omfattar kulturhuset Flammen.Vårt Land 25. november 2016

Kyrkja vart vigsla 27. november 2016.Dagen 27. november 2016 Sjølve kyrkjesalen har 280 sitjeplassar. Dette kan utvidast til 500 ved hjelp av tilstøytande rom.

Altarutsmykkinga er ved Tor Lindrupsen.Tor Lindrupsens nettsted Kyrkja har eit digitalt orgel.Utlysing av organiststilling, jf. program for åpningsveka

Det er ikkje kyrkjegard ved denne kyrkja, men ved Nittedal kyrkje og Hakadal kyrkje.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Nittedal kyrkjelege fellesråd om kyrkja

Kategori:Kyrkjer i Nittedal Kategori:Kyrkjer i Nedre Romerike prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 2016