Olav Lysne () er ein norsk informatikar. Han leier seksjonen for nettverk og distribuerte system ved Simula Research Laboratory. Han er òg professor ved Universitetet i Oslo, der han leier den strategiske forskingsgruppa ConSeRNS.
Lysne tok hovudfag i informatikk i 1988 og doktorgrad i 1991. Han er leiar for Center for Resilient Networks and Communication (CRNA) som forskar på tryggleik, robustheit og yting i nettverk og system, til identitets- og tillitshandtering, sikkerheitsbrukarvenlegheit, og dessutan formell verifisering av tryggleiksprotokollar og system. CRNA er finansiert av Samferdsledepartementet, og består av seksjon for kommunikasjonssystem ved Simula Research Laboratory, Simula@UiB ved Universitetet i Bergen og forskingsgruppa ConSeRNS ved Universitetet i Oslo.
Olav Lysne har særleg forska på korleis nettverksarkitektur har innverknad på yting, tenestekvalitet og oppetid i datanettverk. Spesielt har resultat knytt til målingar av robustheit i dei norske telenetta skapt debatt i telekom-bransjen. I 2015 spelte han ei sentral rolle i å klargjera i kva grad Aftenposten sine funn av falske basestasjonar i Oslo var reelle.
I 2014 og 2015 var Lysne var leiar for «Lysneutvalget» - eit regjeringsoppnemnt utval som kartla samfunnet sin digitale sårbarheit og føreslo informasjonstryggleikstiltak. I 2016 vart Lysne II-utvalet nedsett. Dette utvalet fekk i oppgåve å greia ut behovet for digital grensekontroll i Noreg.
Referansar Olav Lysne Term rewriting techniques for systems based on generator induction Avhandling (dr. scient.) - Universitetet i Oslo, 1991 ISBN: 82-7368-071-1
Olav Lysne Syntaksorientert editor basert på 2-nivå BNF Hovedoppgave i informatikk - Universitetet i Oslo, 1988 Denne artikkelen bygger på «Olav Lysne» frå , den 25. juni 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske informatikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo