«No Money Down» er ein song skriven og spelt inn av Chuck Berry i desember 1955. Innspelinga vart organisert av Chess Records etter suksessen med «Maybellene» og «Wee Wee Hours» same året. «No Money Down» vart først utgjeven som singel i januar 1956, med «Down Bound Train» på B-sida. Singelen nådde åttandeplassen på Billboard R&B-lista. Songen vart seinare gjeven ut på albumet After School Session i 1957.

«No Money Down» har eit repeterande stopp-takt-riff som liknar riffet til Willie Dixon på «Hoochie Coochie Man», Bo Diddley sitt på «I'm a Man» og Muddy Waters sin «Mannish Boy». Songen fortel i stor detalj soga om ein mann som kjem inn i ein Cadillac-forhandlar for å byte inn Forden sin.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «No Money Down (Chuck Berry song)» frå , den 27. juni 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1955 Kategori:Singlar frå 1955 Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Chess Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Chuck Berry Kategori:Duane Allman-songar Kategori:Humble Pie-songar